Category Archives: Nyhende

Santa Barbara i Øvre- Granvin

Sjølv om det har vore stille på sida her, har me hatt nokre kjekke lag på Løo den siste tida.

Eit av laga var det Metrostav som stod for eit triveleg lag. Metrostav er dei som byggjer den nye «Jobergtunnellen» mellom Seim og Holven. Mange arbeidarar i firmaet er katolske. Difor vil dei setje inn helgenen «Santa Barbara» ved inngangen til tunnellen. Santa Barbara skal beskytte arbeidarane mot ulykker og skadar, og me vonar ho tek arbiedet sitt på alvor. Etter sermoni ved inngangen, der folk frå grenda og arbeidarar frå dei andre firma som arbeider med tunnellen, vart inviterte på mat og drikke på Løo. Det vart ein veldig kjekk kveld med godt oppmøte.

Lenge sidan sist, ein liten oppdatering..

No er det ei stund sia sist oppdatering, men det betyr ikkje at det har vore heilt stille på Løo likevel…  Det har vore ulike lag på Løo, alt frå kurs- og møte verksemd, bursdagar, slektstreff, minnestund og bryllaup.

Viss alt blir som me ynskjer vert det sundagsmiddagar før jol, og joladans 2. joledag. I tillegg tek me i mot bestillingar på jolebord, om det er bedrifter, lag eller vennegjeng som ynskjer å samlast. Minnar om at me har alle rettigheitar i baren.

Meir informasjon kjem etter kvart!

Buffèt med varmmat, 1.pinsedag.

SUNDAG 24. mai

(1.pinsedag )

Ynskjer me velkomne til

 Buffèt med varm mat 

PUBKVELD PÅ LØO

Pinseaftan

-Laurdag 23.mai

-Dørene opnar kl. 20.00
– Gratis inngang
– Musikk frå anlegg
-Me set fram brettspel til
dei som vil spele.
-Sal av enkel mat.
– 18 års grense.

Velkomne!

Konfirmasjonshelg forbi

Denne helga har me hatt tre konfirmasjonar på Løo.

Me håpar alle gjester som har vore innom, spesielt konfirmantane, er nøygde med dagen sin.
Me på Løo ønskjer konfirmantane det beste for framtida.

 

Påskedans

No nærmar det seg påske att.
Aura spelar til dans på Løo onsdag 1. april kl. 21.00.

Påske

Dans 21. mars

Hevd og Hardanger spelemannslag spelar til dans 21. mars, dørene opnar kl. 21.30.
Ta med dansesko og godt humør.

 Velkomne! 

Liten kikk

Minstemann på garden inspisere Løo saman med besten sin. Er det klart til neste lag?

Aura spelar til påskedans!

 

Onsdag 1. april spelar Aura til dans på Løo.
Set av datoen,  meir informasjon kjem etter kvart! 🙂

Hei

Sjølv om me ikkje har hatt ope hus i det nye året, har me med jamne mellomrom besøk på Løo likevel!

Me har lokale til ulike samankomstar. Dåp, konfirmasjon, brydlaup, kurs, årsmøter, vennefest m.m. Ta kontakt for menyforslag og pris.