Category Archives: Nyhende

God påske!

Tusen takk for alle som var innom Løo i går kveld, kjekt med både nye og gamle fjes!
Vonar de hadde ein fin kveld. Bandet var (som vanleg) nøygd med Gravensarane, og me på Løo var (som vanleg) nøygd med bandet!!

Påske
Me tek ikkje ferie på Løo heilt endå, men har diverre ikkje ope for alle før det vert sundagsmiddagar både 1. pinsedag og 17. mai.

Ellers er det å ta kontakt om du vil koma på Løo i andre høver, som jubileum, konfirmasjonar, dåp m.m.

Håpar alle får ein fin påske,

helsing oss på Løo!

PUBKVELD 11. mars

11. mars vert det pubkveld på Løo i regi av Bondelaget.

Dørene opnar 20.30, og det vert QUIZ!

Alle er hjartleg velkomne på Løo denne kvelden.

Mbh Bondelaget og oss på Løo.

Påskedans

Gladnyheit!

Det vert påskedans onsdag 23.mars og Kvitlæ sofaband spelar.

Me har hatt kontakt med taxien som køyrer i Granvin denne kvelden! Det kan vera lurt å bestilla taxi på førehand når de skal opp på Løo.
Telefon til taxi er: 917 97 051

18 års aldersgrense

Før den tid er det sundagsmiddag palmesundag! 🙂

Velkomne skal de vera 🙂

Då er me i gang

No har me kome i gang i det nye året, og har hatt eit par lag. Framleis skjer det litt framover.

Me har framleis ledig kapasitet, om du skal  ha dåp, jubileum, kurs, konfirmasjon eller årsmøter m.m.
Ta kontakt for meir informasjon.

 

Framleis god jol!

I dag har me gjort klar til siste middag på Løo for 2015.

I tillegg har me laga klart til joladans på Løo, i dag 2. joledag. Dørene opnar kl. 21.00,inngang  kostar 200,-  inn per person.

Me har fått eigen taxi til å køyre i Granvin denne kvelden, sjølv om det ikkje er Granvin som har vakt. Det kan vere lurt å bestille taxi på førehand om de skal ha taxi opp på Løo.

Ha ei framleis god jol, håpar på fint vintervêr resten av året!

Santa Barbara i Øvre- Granvin

Sjølv om det har vore stille på sida her, har me hatt nokre kjekke lag på Løo den siste tida.

Eit av laga var det Metrostav som stod for eit triveleg lag. Metrostav er dei som byggjer den nye «Jobergtunnellen» mellom Seim og Holven. Mange arbeidarar i firmaet er katolske. Difor vil dei setje inn helgenen «Santa Barbara» ved inngangen til tunnellen. Santa Barbara skal beskytte arbeidarane mot ulykker og skadar, og me vonar ho tek arbiedet sitt på alvor. Etter sermoni ved inngangen, der folk frå grenda og arbeidarar frå dei andre firma som arbeider med tunnellen, vart inviterte på mat og drikke på Løo. Det vart ein veldig kjekk kveld med godt oppmøte.

Lenge sidan sist, ein liten oppdatering..

No er det ei stund sia sist oppdatering, men det betyr ikkje at det har vore heilt stille på Løo likevel…  Det har vore ulike lag på Løo, alt frå kurs- og møte verksemd, bursdagar, slektstreff, minnestund og bryllaup.

Viss alt blir som me ynskjer vert det sundagsmiddagar før jol, og joladans 2. joledag. I tillegg tek me i mot bestillingar på jolebord, om det er bedrifter, lag eller vennegjeng som ynskjer å samlast. Minnar om at me har alle rettigheitar i baren.

Meir informasjon kjem etter kvart!

Buffèt med varmmat, 1.pinsedag.

SUNDAG 24. mai

(1.pinsedag )

Ynskjer me velkomne til

 Buffèt med varm mat 

PUBKVELD PÅ LØO

Pinseaftan

-Laurdag 23.mai

-Dørene opnar kl. 20.00
– Gratis inngang
– Musikk frå anlegg
-Me set fram brettspel til
dei som vil spele.
-Sal av enkel mat.
– 18 års grense.

Velkomne!

Konfirmasjonshelg forbi

Denne helga har me hatt tre konfirmasjonar på Løo.

Me håpar alle gjester som har vore innom, spesielt konfirmantane, er nøygde med dagen sin.
Me på Løo ønskjer konfirmantane det beste for framtida.