Category Archives: Nyhende

Godt nyttår

Endeleg kom snøen og jolastemninga på Seim. Små og store gledar seg, og me vil prøva å nytta dagane til aking og å øva oss på ski.

Me vil takka våre gode gjester, både nye og gamle, Lekven catering (som står for maten) og ellers våre gode hjelparar -både vener og famile. Håpar de får eit godt  år i vente!
Velkomne på Løo i 2018.

Legg ved stemningsbildet frå tunet i dag. 

Beste helsing oss på Løo.

Jolamat på Løo

Då nærmar det seg desember, og ventetida er i gang.
Kva med å nyta litt jolamat på Løo før jol?

Me har jolamat søndag 3. desember og 17.desember.

3.desember er det òg husflidsmessa i gymsalen på skulen i Granvin,
så då kan de ta to fluger i ein smekk.

Velkommen til nye- og kjente fjes,
håpar de vil tilbringa litt av førjolstida i lag med oss.

Buffé på Løo

På sundag, 15.oktober, vert det buffé på Løo frå. kl. 13-17.

Velkomne skal de vera !

God sommar!

No tek me på Løo ferie. Me vil takka alle vore gjester for fine stunder på Løo, sidan nyttår har me fått vore med på alle livets fasar. Både dåp, konfirmasjon og minnestund. Me har informasjonsmøte, jubilantar, vennegjengar m.m.

Tusen takk til alle for besøket.
God sommar!

17. mai på Løo

Me ynskjer små og store velkomne på Løo.
Me serverer varmmatbuffè. Me har naturlegvis rømmegraut og dravle!
Kake- og dessertbord!

Vårstemning i tunet!

No spirar det i kvar ein krok, og graset byrjar å verte grønt.
Eit skikkelig vårteikn for oss på Løo er at konfirmasjonane nærmar seg. I år har me fire konfirmasjonar dei to fyrste helgene i mai, i tillegg til at me ser fram mot bryllupsfest nestehelg!

Me har no fått ferdig dusjannlegg og garderobe, så for mindre lag kan me no tilby sauna!
Kva med ein tur opp/ ned Skjervet, med påfyljande middag på Løo ,og deretter ein tur i ein varm og god sauna.
Dette kan vere kjekt for mindre firma, klubben eller vennegjengen.

Kapasiteten i helgene i mai er noko redusert på Løo og me har kun  ei helg ledig.
Uansett kva de ynskjer, ta kontakt så skal me etter beste evne finne ei tilbod og løysing for akkurat deg!

Sundagsmiddag på Løo

PUBKVELD m/ quiz

Laurdag 18. mars

PUBKVELD MED QUIZ

Dørene opnar kl. 21.00. 
Quiz ca. kl.22 – 22.30.
18 års aldersgrense

 

I år vert det dessverre ikkje skipa påskedans på Løo.
Så nytt anledningen å kom på Quiz!

Utanom pubkveld, held me òg ope på Løo sundag 2. april, då  vert det sundagsbuffèt. 
Velkomne skal de vera. 

2. joledag

Kvitlæ sofaband spelar til dans 2 . joledag.

Inngang kr. 300,-

Aldersgrense 18 år

Dørene opnar kl. 21.00

 

Jolamat 18.12.2016

sondagsmiddag-18-12-16