Vårstemning i tunet!
No spirar det i kvar ein krok, og graset byrjar å verte grønt.
Eit skikkelig vårteikn for oss på Løo er at konfirmasjonane nærmar seg. I år har me fire konfirmasjonar dei to fyrste helgene i mai, i tillegg til at me ser fram mot bryllupsfest nestehelg!
Me har no fått ferdig dusjannlegg og garderobe, så for mindre lag kan me no tilby sauna!
Kva med ein tur opp/ ned Skjervet, med påfyljande middag på Løo ,og deretter ein tur i ein varm og god sauna.
Dette kan vere kjekt for mindre firma, klubben eller vennegjengen.
Kapasiteten i helgene i mai er noko redusert på Løo og me har kun ei helg ledig.
Uansett kva de ynskjer, ta kontakt så skal me etter beste evne finne ei tilbod og løysing for akkurat deg!