Vårstemning i tunet!

No spirar det i kvar ein krok, og graset byrjar å verte grønt.
Eit skikkelig vårteikn for oss på Løo er at konfirmasjonane nærmar seg. I år har me fire konfirmasjonar dei to fyrste helgene i mai, i tillegg til at me ser fram mot bryllupsfest nestehelg!

Me har no fått ferdig dusjannlegg og garderobe, så for mindre lag kan me no tilby sauna!
Kva med ein tur opp/ ned Skjervet, med påfyljande middag på Løo ,og deretter ein tur i ein varm og god sauna.
Dette kan vere kjekt for mindre firma, klubben eller vennegjengen.

Kapasiteten i helgene i mai er noko redusert på Løo og me har kun  ei helg ledig.
Uansett kva de ynskjer, ta kontakt så skal me etter beste evne finne ei tilbod og løysing for akkurat deg!

Sundagsmiddag på Løo

PUBKVELD m/ quiz

Laurdag 18. mars

PUBKVELD MED QUIZ

Dørene opnar kl. 21.00. 
Quiz ca. kl.22 – 22.30.
18 års aldersgrense

 

I år vert det dessverre ikkje skipa påskedans på Løo.
Så nytt anledningen å kom på Quiz!

Utanom pubkveld, held me òg ope på Løo sundag 2. april, då  vert det sundagsbuffèt. 
Velkomne skal de vera. 

2. joledag

Kvitlæ sofaband spelar til dans 2 . joledag.

Inngang kr. 300,-

Aldersgrense 18 år

Dørene opnar kl. 21.00

 

Jolamat 18.12.2016

sondagsmiddag-18-12-16

Jolamat

Trykk på plakaten under for meir informasjon: 
jol-2016

 

Dette skjer på Løo framover

logo-uten-tlfLaurdag 26.11 

Dans med Wannabes trio, kl. 22.00, gratis inngang og 20 års aldersgrense.

Sundag 11. desember

Jolamat på Løo.

Sundag 18. desember 

Jolamat på Løo

2. joledag

Dans med Kvitlæ sofaband.

Utlysing og meir informasjon kjem etter kvart, set av datoane.

Ha ei god førjolstid,
med beste helsing oss på Løo.

Dans på Løo

Ein gladnyheit, Wannabes trip spelar til dans på Løo 26.november.
Dørene for alle opnar kl. 22.
20 års aldersgrense.
dans-26-11-16

Oppdatering frå Løo på Seim

Hei,

me har i helga hatt to jubilantar og eit dåpsbarn innom for å feira dagane sine. Detta synest me er stas!
Me ynskje dei alle til lukka med dagane sine!
Det er som regel bestilte lag me har på Løo, det er ikkje så ofte me opnar opp for alle å koma på middag.
Me skal ha nokon sundagar ope for jolamatbuffèt i advent, i tillegg er musikken booka for 2. joledag så me er klare for dans.

Me har ledig kapasitet framover, berre å ta kontakt!

Mbh oss på Løo

Bygdadagar

Denne helga er det bygdadagar i Granvin. Fredag startar det med konsert,Sigrid Moldestad. Laurdag på dagen er det berre å ta turen ned i bygda, mykje spennande som skjer.
Ungdomslaget dans laurdagskveld, og det er Stokksel opp på sundag. Med andre ord, helga byr på litt til kvar og ein!
Me held ikkje ope på Løo, men oppmodar likevel alle som føl Løo, både på heimesida og på nettet om å ta turen.

Program for laurdag, i tillegg skkjer det mykje mykje meir!
bygdadag