Om løo
Løo vart bygd i 1874, og den har vore husrom for mang slags husdyr opp gjennom tida. Frå tidleg av var dyra nede, der det seinare vart måtting, det er der du no finn toalettanlegget. Oppe er det i dag 4 rom, låven, fjøset, veragarden og kjøkken. Bygget er laga av kraftig grindaverk, noko ein kan sjå inne på låven. Fjøset og veragarden vart isolert innanfrå då dyra vart flytta opp.
I ”LØO” har me samla mange gamle ting, men og ting som går over til notida, så de er mangt å sjå på. Me har eit barskap som truleg er frå 1600- tallet , gamle gardsredskapar, radioar, symaskiner og liknande. Det er ein fin måte å få ein samtale i gang,og det har mang ein gong vorte diskutert kva dei ulike tinga er.
Me har eit stort uteområde, der kan ein mellom anna sjå hestevogner, potetopptakar og liknande. I tillegg kan borna leike ute på store bakkar.
Me har og ei mindre Løa, som kan romme lag opp til 30 personar. Dette er eit bygg som høver for mindre lag eller kurs. Dette grindbyggetvart flytt frå Ulgenes til Seim rundt 2006. Her kan ein, som inne i store Løo, finne gamle ting samt ein bar.
Me har og har me òg ferdigstilt ein finsk sauna, med vedfyring. Denne er mogleg for mindre lag å nytte seg av. På sommarstid er det tilhøyrande kald dusj, og om vinteren kan ein kjøle seg ned ute i snø og kulde. I tillegg har me ferdig dusjanlegg som kan nyttast når ein er ferdig i saunaen, eller ein ynskjer fjelltur før ein kjem på Løo.