Lenge sidan sist, ein liten oppdatering..

No er det ei stund sia sist oppdatering, men det betyr ikkje at det har vore heilt stille på Løo likevel…  Det har vore ulike lag på Løo, alt frå kurs- og møte verksemd, bursdagar, slektstreff, minnestund og bryllaup.

Viss alt blir som me ynskjer vert det sundagsmiddagar før jol, og joladans 2. joledag. I tillegg tek me i mot bestillingar på jolebord, om det er bedrifter, lag eller vennegjeng som ynskjer å samlast. Minnar om at me har alle rettigheitar i baren.

Meir informasjon kjem etter kvart!