Santa Barbara i Øvre- Granvin

Sjølv om det har vore stille på sida her, har me hatt nokre kjekke lag på Løo den siste tida.

Eit av laga var det Metrostav som stod for eit triveleg lag. Metrostav er dei som byggjer den nye «Jobergtunnellen» mellom Seim og Holven. Mange arbeidarar i firmaet er katolske. Difor vil dei setje inn helgenen «Santa Barbara» ved inngangen til tunnellen. Santa Barbara skal beskytte arbeidarane mot ulykker og skadar, og me vonar ho tek arbiedet sitt på alvor. Etter sermoni ved inngangen, der folk frå grenda og arbeidarar frå dei andre firma som arbeider med tunnellen, vart inviterte på mat og drikke på Løo. Det vart ein veldig kjekk kveld med godt oppmøte.