Oppdatering frå Løo på Seim

Hei,

me har i helga hatt to jubilantar og eit dåpsbarn innom for å feira dagane sine. Detta synest me er stas!
Me ynskje dei alle til lukka med dagane sine!
Det er som regel bestilte lag me har på Løo, det er ikkje så ofte me opnar opp for alle å koma på middag.
Me skal ha nokon sundagar ope for jolamatbuffèt i advent, i tillegg er musikken booka for 2. joledag så me er klare for dans.

Me har ledig kapasitet framover, berre å ta kontakt!

Mbh oss på Løo

Bygdadagar

Denne helga er det bygdadagar i Granvin. Fredag startar det med konsert,Sigrid Moldestad. Laurdag på dagen er det berre å ta turen ned i bygda, mykje spennande som skjer.
Ungdomslaget dans laurdagskveld, og det er Stokksel opp på sundag. Med andre ord, helga byr på litt til kvar og ein!
Me held ikkje ope på Løo, men oppmodar likevel alle som føl Løo, både på heimesida og på nettet om å ta turen.

Program for laurdag, i tillegg skkjer det mykje mykje meir!
bygdadag

Grilling i regnvèr

 

I går kveld, tross mykje regn, vart det grilling i tunet.
Nortura inviterte og stilte med kjøttvarer, Lekven catering bidrog med tilbehør medan me på Løo hadde lokale.

nortura 1 nortura  2
Me har framleis ledig kapasitet framover.
Ta kontakt, så kan me skreddersy eit opplegg som passar dine behov.

Fotball EM

No er fotball EM i gang for fullt.
Me viser semifinalar og finale på Løo.

Semifinalar
Onsdag 6. juli
Torsdag 7. juli

Finale
Søndag 10.juli.
Me opnar dørene kl. 20.00 alle dagane, kampane byrjar kl. 21.00.

Moglegheit for å kjøpe forfriskningar i baren.

Skjervet – ein fin tur før Løo?

20. mai var det offesiell opning av Skjervet. Det har no kome ein flott rasteplass, med tursti frå brua og opp til rasteplassen. Dette er ein tur me vil anbefala!
Voss Active har òg tilbod for dei tøffe om rappelering ned fossen. Frå Skjervsfossen er det kort avstand til Seimstunet og Løo.

Dette kan vere  fine aktvitetar å ta for ein vennegjeng før de kan kome på Løo. Me tilbyr middag, sauna, stort uteområde til ymse aktivitetar. Det høver for vennelag, familesamlingar, utdrikningslag eller firmaturar.

Me kan vera behjelplige med å lage pakketilbud.

Velkomne skal de vera!

1. pinsedag og 17.mai

 

Pinse og 17. mai

Finsk sauna på tunet!

Me har i mange år hatt planar om å ferdigstille å få til finsk sauna på Seim. I helga vart saunaen endeleg innvia. Me har framleis litt arbeid att, men målet er at gjester skal kunne bruke saunaen innan kort tid. Me ser for oss at det kan passe til mindre vennelag, kurs, bedrifter og  utdrikningslag o.l.

Høyres dette interessant ut? Ta kontakt 🙂

God påske!

Tusen takk for alle som var innom Løo i går kveld, kjekt med både nye og gamle fjes!
Vonar de hadde ein fin kveld. Bandet var (som vanleg) nøygd med Gravensarane, og me på Løo var (som vanleg) nøygd med bandet!!

Påske
Me tek ikkje ferie på Løo heilt endå, men har diverre ikkje ope for alle før det vert sundagsmiddagar både 1. pinsedag og 17. mai.

Ellers er det å ta kontakt om du vil koma på Løo i andre høver, som jubileum, konfirmasjonar, dåp m.m.

Håpar alle får ein fin påske,

helsing oss på Løo!

Varmmatbuffèt palmesundag

Me held ope på Løo palmesundag 13.00 – 18.00.

då kan du kjøpe god middag med dessertbord.

Meir informasjon kjem etter kvart!

PUBKVELD 11. mars

11. mars vert det pubkveld på Løo i regi av Bondelaget.

Dørene opnar 20.30, og det vert QUIZ!

Alle er hjartleg velkomne på Løo denne kvelden.

Mbh Bondelaget og oss på Løo.